BLUE
Profile banner
OS
Ole Svarthumle
@svarthumle.bsky.social
etter regn kjem regn // linærfjernsyn
524 followers921 following1.3k posts
OSsvarthumle.bsky.social

Er nokre veldig fine låtar på den plata, men produksjonen er jo ekstremt dyster. Har nok høyrt meir på Wild God dei par siste vekene enn eg har høyrt på Skeleton Tree sidan den kom ut.

0
OSsvarthumle.bsky.social

Haha. Men sett vekk frå den lett abnorme mengden med loff, er dette absolutt eit måltid eg kan relatere meg til.

1
OSsvarthumle.bsky.social

Luksusversjonen.

0
OSsvarthumle.bsky.social

Det er nesten sjokkerande å sette på Skeleton Tree rett etter å ha høyrt Wild God.

1
OSsvarthumle.bsky.social

Som gift og familiefar er eg diverre nøydd til å halde meg til den smale sti, men i hine hårde ungkarsdagar skeia eg nokre gongar ut med klassikaren - ein klassikar eg pinleg nok nøler med å ta opp i altfor kultivert selskap - spaghetti med posebernaise. Eg kjenner fortsatt på suget av og til.

2
OSsvarthumle.bsky.social

No snakkar vi.

0
OSsvarthumle.bsky.social

Som elleveåringen sa seinast for eit par dagar sidan: "makaroni er egentlig best med sånn brun saus" - men han fungerer òg i andre samanhengar. Sjølv har eg i vaksen alder blitt glad i kombinasjonen makaroni og kokt kål.

1
OSsvarthumle.bsky.social

Eg er som kanskje kjent panteistisk innstilt til mat (om enn ikkje nødvendigvis til mattaksonomien i absolutt alle tilfelle), og alle vegar fører til Rom, men vil likevel slå eit slag for den pannesteikte fiskepuddingen (hugs god steikeskorpe!) med poteter, makaroni og steikt lauk i smør.

1
OSsvarthumle.bsky.social

Frå og med for eit par veker sidan må barna betale etter klokka 18 òg.

1
Profile banner
OS
Ole Svarthumle
@svarthumle.bsky.social
etter regn kjem regn // linærfjernsyn
524 followers921 following1.3k posts