BLUE
V
V-🐻
@vebjorn.bsky.social
Målmann av legning, flisespikkar av utdanning. Midtstoggar i festleg lag. Ja til væpning av Språkrådet. Signe ballen. 📍 Sogn og Fjordane
240 followers277 following570 posts
Reposted by V-🐻
Mmagloken.social

Innlandet hatar nynorsk og Odalen.

1
Vvebjorn.bsky.social

«Innlandet» fylke er openbert eit moralsk og forvaltningsstrukturmessig misfoster eigna til lite anna enn å føra ulukke over folk og land.

0
Vvebjorn.bsky.social

Nynorsk nynorsk nynorsk nynorsk nynorsk nynorsk nynorsk nynorsk nynorsk nynorsk nynorsk nynorsk nynorsk nynorsk nynorsk nynorsk nynorsk nynorsk nynorsk nynorsk nynorsk nynorsk nynorsk nynorsk nynorsk nynorsk nynorsk nynorsk nynorsk nynorsk nynorsk nynorsk nynorsk nynorsk nynorsk nynorsk nynorsk nyno

1
Vvebjorn.bsky.social

Ein ting til vil eg seia: Innlandet leverer i dag det verste fylkeskommunale åtaket på nynorsken på nærare ti år, då fylkesordførarane Hestetun (Ap), Følling (Sp) og Tengesdal (KrF) prøvde å avvikla nynorsk som teneste- og administrasjonsmål på fylkesnivå på Vestlandet sør for Stad.

1
Vvebjorn.bsky.social

Og fleire medskuldige, aktlaust eller overlagt, er der. Eg orkar ikkje greia ut om alle no. Men måtte tusen grashoppesvermar heimsøkja undertøyet til kvar einaste ein av dei, frå æve til æve.

1
Vvebjorn.bsky.social

Men tru ikkje eit sekund at eg fritek Stortinget eller regjeringa frå deira del av ansvaret. Kvifor er ikkje overføringane til fylka innretta slik at det straffar seg knallhardt å leggja ned skular i distrikta generelt og nynorskdistrikt spesielt? Dette er ein monumental språkpolitisk kollaps.

1
Reposted by V-🐻
Eeplefe.bsky.social

Vi fuckar dei systemisk over og så gir vi individar ansvar for å fikse det? Kva skal helsesjukepleiar seie til eleven som seier "eg føler meg mindre verd enn ein TIF-elev fordi dei vil ikkje ha linja mi nokon plass og eg føler meg heime her"? Det er jo SANT.

2
Reposted by V-🐻
Eeplefe.bsky.social

Dei skal skjønne, like etter konfirmasjonen, at dei blir målt i kor nyttige dei er. Av kvarandre, av foreldre, av skulen, av politikarane og av samfunnet. Det er sikkert sunt for motivasjon og psykisk helse. Bullet journals kan ikkje fikse dette, helsesjukepleiarar kan ikkje fikse dette.

2
Reposted by V-🐻
Eeplefe.bsky.social

Vi er ikkje ei kvern for industrien, og eg liker ikkje at fylkestinget reduserer oss til det. Vi skal ha helsefagarbeidarar til aldersheimene, vi skal ha TIF til Mongstad, til Equinor og Hydro, vi skal ha bygg med murar og tømrar, fordi dei er *nyttige* og ungdom skal innrette seg etter det.

1
Reposted by V-🐻
Eeplefe.bsky.social

Skal alle dei, i heile Vestland, dra til Årstad VGS? Skal det å ville gå ei estetisk linje bety to til fire timar reiseveg kvar dag - eller flytte frå den landlege kommunen sin og inn i Bergen sentrum aleine? For dei aller mest kjenslevare elevane våre?

1
V
V-🐻
@vebjorn.bsky.social
Målmann av legning, flisespikkar av utdanning. Midtstoggar i festleg lag. Ja til væpning av Språkrådet. Signe ballen. 📍 Sogn og Fjordane
240 followers277 following570 posts