BLUE
Profile banner
HB
Øystein Hellesøe Brekke
@oysteib.bsky.social
Omsetjar, språknørd, historikar, grøn, liberal. Boka "Kontoret - Hanseatenes historie" kjem 11. oktober, inshallah.
283 followers229 following870 posts
HBoysteib.bsky.social

Aaaaargh!

0
HBoysteib.bsky.social

...og alt dette kan sjølvsagt lesast meir om ganske snart, i denne boka som du framleis kan forhåndsbestilla signert eksemplar av! www.norli.no/boker/dokume...

0
HBoysteib.bsky.social

Det som skjedde i 1455, var ekstremt. Dei som likar å framheva konfliktaspektet i hanseatisk-norske forhold, trekkjer gjerne fra 1455. Men mellom kvar valdshending kunne det gå fleire tiår med fredelege forhold. Sanninga om korleis forholdet til hanseatane i Noreg var, omfattar begge deler.

1
HBoysteib.bsky.social

I fleire tiår prøvde Elise og dei gjenlevande sønene og døtrene, med diplomati og med vald. Dei utrusta kaperskip og plyndra den hanseatiske skipsfarten mellom Noreg og kontinentet. Dei appellerte til kongen om hjelp med å få erstatning. Så seint som i 1513, 58 år seinare, er saka nemnt.

1
HBoysteib.bsky.social

Det verkar eigentleg som at Kristian 1. var glad for å vera kvitt Olav Nilsson. Drapa i Bergen gjekk ikkje særleg ut over forholdet til kongen. Sjølv om hanseatane hadde drepe tre norske riksrådsmedlemmer - tre av den absolutte eliten i Noreg. Familien til Olav, derimot, gav seg ikkje så lett.

1
HBoysteib.bsky.social

Skildringa av kva som førte til hendingane, derimot, er ganske så ulik. Naturleg nok skuldar hanseatane alt saman på Olav Nilsson. Og sidan har historikarar diskutert. I forholdet til kongen slapp hanseatane overraskande lett unna det som hadde skjedd.

1
HBoysteib.bsky.social

Morgonen 2. september 1455 kom han ut av kyrkja. Han fekk lov til å skrifta ein siste gong før han vart drepen. Elise skreiv brevet sitt ein månad seinare. Den andre viktige kjelda til hendingane, er den hanseatiske versjonen. Skildringa av hendingane den dagen er overraskande lik.

"Unsen fruntliken grut unde wes wy gudes vormogen tovorne. Ersamen leven heren unde vrunde. De ersame her Godeke Burmester, jwes rades medekumpan, hefft ingebracht sodanne werve unde breve, alse he myt unseme gnedigen heren vorhandelet hefft, unde dar wolde siik de kopman gerne na richten ..."
1
HBoysteib.bsky.social

"Straks som de kom ut, da slo de dem i hjel, og kastet dem på ilden inne for høyalteret". Herr Olav sjølv heldt ut gjennom natta. Desperat tilbaud han seg å stå for retten for byrådet i Lübeck for kva han enn måtte ha gjort, men folkemengda nekta å forhandla.

1
HBoysteib.bsky.social

Olav og gjengen sat i kyrkjetårnet, ein steinbygning, men må ha hatt store problem med røyken frå klosterbygningane. Broren, herr Peder Nilsson, biskopen Torleiv og sonen Nils gav opp og gjekk ut av tårnet til den rasande folkemengda som omringa klosteret:

1
HBoysteib.bsky.social

Herr Olav skjønna at han var i fare. Saman med biskopen og familien søkte han tilflukt i nonneklosteret Munkeliv like ved: "Da søkte alle menige kjøpmennene etter med all deres makt og satte straks ild i klosteret og brente det ned til grunnen", skreiv fru Elise.

1
Profile banner
HB
Øystein Hellesøe Brekke
@oysteib.bsky.social
Omsetjar, språknørd, historikar, grøn, liberal. Boka "Kontoret - Hanseatenes historie" kjem 11. oktober, inshallah.
283 followers229 following870 posts